Messe for en såret jord


Utvida Sanctus framfører Messe for en såret jord i Nysæter kyrkje 7.november kl 1900

 

Som del av koret Sanctus si 25-årsmarkering og som del av Nysæter kyrkje si 30-årsmarkering framfører eit utvida kyrkjekor Sanctus Erik Hillestad og Ketil Bjørnstad si Messe for en såret jord i Nysæter kyrkje søndag 7.november kl 1900.

Reint musikalsk kan ein seia at dette er crossovermusikk då her er element av både klassisk,pop,rock og jazz i ei messe.Frå roleg Introitus,via spenstig Gloria til eit meir rocka Credo.Til slutt roar det heile seg ned med Velsigninga:"Herre gi jorden fred".Øystein Heide Aadland fått med seg fire profesjonelle musikarar og i tillegg ein student frå Rytmisk utdanning ved universitetet i Kristiansand.Det dreiar seg då om sopransolist,tangent,el-gitar,el-bass og slagverk.

  Me ser fram til å framføra denne spennande og utradisjonelle messa i Nysæter kyrkje-

  Velkommen til konsert!

 

Tilbake