"Eg knadde en snøball, kylte han ned mot åpningen i enden av smauet".. Olav Oma fortel i Ord for veka om sokneprest Nilsen i Sandviken sitt besøk på ei gutaforening på 1960-talet.
Ein haustkveld midt på -60-talet, var det gutaforeining i Ynglingen i Bergen. Omlag 130 gutar fylde lokalet.
Denne kvelden var det soknepresten frå Sandvikskirken, Anton Strøm Nilsen, som kom. Han var ein godt vaksen mann, og var nervøs.
"Ka skal eg si, eg kan bare snakke om nåden". "Jammen så snakk om nåden du", fekk han til svar.
Så begynte han med å fortelja at han var fødd og oppvaksen... 'ute i Knøsesmauet på Nordnes. Nokke av det vi lerte var, at du kastar ikkje snøball i smauet. Det var tett mellom veggene, det kunne vere farlig. Men sa han: "dokker vet kordan det er".
Den første vinterdagen. Anton kom ut av huset. Snøen lå der.
Det var ikkje meningen, eg ville ikkje. Men eg traff... vinduet til naboen. Glasset singlet.'
'Det var fattige folk som bodde her. Mannen kom farende ut i døren og brølte etter meg; "eg skal si det til din far"!'
Den ettermiddagen vågde ikkje Anton gå heim. Det var andre tider. Fysisk straff var ikkje ukjent.
Han var redd, redd for faren.
'Eg gjømte meg nere i hukket. Ettermiddagen sêg på. Skrittene til min far, kjente eg. Eg lukket øynene, klemte meg musestille inn mot veggen.'
'Så kjente eg det. Far la armen om skuldrene mine og sa: "Kom Anton vi går hem, den ruten, den har eg betalt."
'Det er nåden, som ikkje gjør med oss som fortjent. Den kommer med tilgivelsen, kjærligheten og oppreisningen.'
"Dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt sin eigen son til soning for syndene våre. Mine kjære har Gud elska oss så, då skyldar vi og å elska kvarandre."(1. Joh. 4)
Fortalt fritt etter ein andakt av Kjell Grønner ved 50 års-jubileet til TenSing, 2017.