Ord for veka; Inni og utanfor slottet.


Som tilsett i trusopplæringa kjenner eg meg heldig som får møta så mange folk, skriv Elisabeth Fauskanger i ord for veka.

Eg får oppleva både å vera saman med små og store i kyrkja, og eg kjem i prat med andre når eg fortel kor eg arbeider.

4 åringen kom på undretur i forkant av familiegudstenesta med utdelig av 4 årsbok. Han stod og så seg rundt inne i Stord kyrkje. «Dette er jo som eit slott», seier han, og legg til «eg har aldri vore her før». «Så kjekt at du kom i dag då» seier eg. « Eg håpar du vil synes det er kjekt å vera her».

Eller barnehageborn som kjem på julevandring i kyrkja. Når eg presenterer meg i døra seier dei «eg kjenne deg, du heite Elisabeth. Eg har vore her før». Eg kjenner dei og, frå songstunder med 4,5 og 6 åringar i kyrkja.

«Eg døypte 2 åringen min i kyrkja sist søndag» fortalte ei mor eg møtte på butikken. "Det har blitt utsatt pga korona, eg var spent på korleis det skulle bli med ein som kan gå, men det blei ein sånn fin dag». «Så flott», svarar eg og var glad for at ho fortel.

Eller konfirmanten som mumlar i det eg deler ut biblar, akkurat høgt nok til at eg høyrer det, «eg har aldri halde ein bibel før». Så blar me opp og les saman Salme 139, 5-6: Bakfrå og framanfrå omgjev du meg, du har lagt di hand på meg. Det er eit under eg ikkje skjønar, det er så høgt at eg ikkje kan fatta det.

Det er mykje eg ikkje fattar og forstår. Men trua mi handlar ikkje om å forstå alt. Tru er tillit utan å forstå. Trua mi er eit håp om at eg kan kvile i og vera trygg på at eg er omslutta bakfrå og framanfrå av Guds kjærleik. Og kan eg i møte med dei mange små og store få formidle om så bare eit lite glimt av dette håpet, då kjenner eg meg audmjuk og takknemlig som får vera trusopplærar i kyrkja.

Elisabeth Fauskanger

Tilbake