Gudsteneste i Nysæter 12.desember


3 søndag i advent.  Me samlast til gudsteneste med håp og forventning

Trass i nokre tiltak i samband med aukande smitte kan me trygt samlast til gudsteneste. Det er enkel registrering ved frammøte, ta gjerne med ein lapp med namn og telefonnr. Ein stol mellom kvar husstand, krav om munnbind til ein har funne plassen sin( gjeld vaksne.)

 Tema denne søndagen er om profetar og døyparen Johannes som varsla at frelsaren skulle koma. Slik les me i ein av tekstane for dagen. Difor står profetordet så mykje fastare for oss. Og dette ordet gjer de vel i å halda fast på. Det er ei lampe som skin på ein mørk stad til dagen gryr og morgonstjerna stig opp i hjarta dykkar. 

Tilbake