På søndag er det fastelavn. Ei markering av at kyrkjeåret går mot eit høgdepunkt. Velkomen til fellesgudsteneste i Stord kyrkje kl. 11.00
Kveitekorn blir til mjøl me kan baka bollar av, og fylla med krem. I gudstenesta skal det og handla om kveitekorn. Om kveitekorn som fell til jorda, døyr og gjev nytt liv. Bibelteksten er henta frå Lukas 18, 31-34 der Jesus retter blikket mot Jerusalem og om det å gje sitt liv og få det.
Det blir dåp og nattverd i gudstenesta der prest Jørgen Knudsen og organist Noah Wibe deltek saman med kyrkjetenar og frivillige medarbeidarar. Takkoffer til lokalt diakonalt arbeid.