Gudsteneste i Huglo bedehuskapell søndag 27.febr kl.14.45


Prest Reidar Ådnanes og Noah Wibe, saman med frivillige medarbeidarar, ønskjer velkomen til gudsteneste med nattverd.

Søndagens bibeltekst står i Lukas 18 og blir innleia med at Jesus seier til læresveinane" sjå, vi dreg opp til Jerusalem". Frå jul til no har det handla om kven han var, han som vart født i stallen- me har høyrt om det Jesus sa og gjorde- både hans menneskelege side og det gudommelege. No skal me læra noko om kvifor han kom- og tenkja på at hans veg til siger- til siger for oss- gjekk gjennom liding og død.

Prest Reidar Ådnanes og Noah Wibe, saman med frivillige medarbeidarar, ønskjer velkomen til gudsteneste med nattverd. Takkoffer til NMS.

Tilbake