PULS PÅ LIVET


Puls på livet tysdag 5. april 2022 Kl 19.00 I Nysæter kyrkje

Tema: "Av plikt eller av lyst?"

I 2022 vert det fokusert på det frivillige arbeidet i Noreg. Det er viktig at frivillige vert heidra og lagt merke til. Dei legg ned arbeid for store verdiar i samfunnet vårt. Men kvar kjem drivkrafta frå?

I puls på livet 5. april vil me gjerne finna meir ut av dette. Difor har me invitert representantar for det frivillige arbeidet i Sagvåg og Litlabø til ein samtale om kva dei held på med og korleis det er å vera frivillig. Er det av plikt eller av lyst at ein legg ned timevis med innsats for det frivillige?

Heine Kaldefoss vil vera talkshow- vert denne kvelden.

Musikkinnslag med Bjarte Aadland og Rune Koppang.

Tilbake