Velkommen til Stord kyrkje og Nysæter kyrkje kl 11.00
Me innleiar gudstenesta med palmegreiner mens me syng "Hosianna Davids Son". Så skal me følgja Jesus gjennom påskedagane. Skjærtorsdag med påskemåltid og innstifting av nattverden og langfredag med Jesu død på korset. Påskedag møter me lyset frå den tomme grava og syng "Korset er tomt, grava er tom, Jesus stod opp og han lever".
I gudstenesta skal barn døypast og barn og ungdommar vil delta med blandt anna solosang og lesing
Stord kyrkje: Prest Laila Hansen Røyksund, kantor Ole Jørgen Furdal og kyrkjelydspedagog Elisabeth Fauskanger deltek saman med kyrkjetenar og frivillige medarbeidarar. Takkoffer til trusopplæringa.
Nysæter kyrkje: Prest Jørgen Knudsen, organist Noah Wibe med band og kyrkjelydspedagog Ingvild B Almås. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.