Ei spesiell tid


Me opplever ei oppblomstring av korona både på Stord og i resten av landet i desse dagar. Det gjer dagane meir krevjande og uforutsigbare, og skapar usikkerhet.
 

 

Frå kyrkja si side er me opptekne av smittevern og gjer det me kan for å skapa trygghet i den situasjonen me er i.

På bakgrunn av det blir alle samlingar i trusopplæringa på dagtid og ettermiddagstid avlyst framover. Det same gjeld for konfirmantsamlingane og KRIK.

Det blir gudstenester i kyrkjene med plass til 50 personar i vekene som kjem, og eigne dåpsgudstenester. Ta kontakt med kyrkjekontoret om de lurar på noko i samband med dåp.
På kyrkjekontoret er det ekspedisjonstid på telefonen tlf 53403430 tysdag, torsdag og fredag mellom kl. 10:00-14:00. De når oss og på mail post@kyrkja-stord.no

Tilbake