Ord for veka; Kva har vi att for strevet?


Sundagen som kjem tek oss med til historia like etter dei vakre Jesusorda: «lat småborna kome til meg…»  Overskrifta over andakten denne veka set kan hende ord på Peter og læresveinane sine tankar etter den opplevinga.

 

Sundagen som kjem tek oss med til historia like etter dei vakre Jesusorda: «lat småborna kome til meg…»  Overskrifta over andakten denne veka set kan hende ord på Peter og læresveinane sine tankar etter den opplevinga.

Tankar om notid og framtid, tankar om teneste og etterfylging saman med Jesus, urolege tankar om dei har gjort kloke val når dei la frå seg garna, fortøyde båten og byrja å vandre saman med Jesus.

Kva har me att, me som satsa alt på denne omvandrande tømmermanne frå Nasaret?

Dei har nettopp høyrt og sett ein rik framgangsrik ung mann gå lutrygga bort frå Jesus av di han ikkje kunne selje alt og heller fylgje i Jesu fotefar.

Kva med oss, spør Peter. Kva med oss som har ofra alt, gitt så mykje, satsa framtida på deg Jesus. Kva med oss? Kva har vi att for strevet? Og det er jo ofte vårt spørsmål og. Særleg når det går trått, når  arbeidet er strevsamt og tungt, når visjonane bleiknar og trua visnar. Kva med oss?

Jesus teiknar for oss eit bilete av ein raus og grenselaus Gud og Far. De skal, seier han til Peter, få at hundre gangar innsatsen,, de skal få  herske som kongar over det nye gudsfolket og sist men ikkje minst: de skal arve evig liv.

Ikkje bekymre dykk seier Jesus, tru på Gud han som ser oss og kjenner oss, han som deler ut sine overflodsgåver. Han deler dei ut i pur glede, i kjærleik og med nåde. Gud er ikkje spesielt rettferdig med oss, tvert i mot, han er nådig. Dei siste vert dei fyrste og dei minste dei største og vi skal få lønn etter strevet, ikkje for strevet!

Jørgen Knutsen

Tilbake