"Open kyrkje" er songstund med rim og regler, song og bibelforteljing. Men det er og pølse i brød og leiketid for borna og ein god anledning til sosialt fellesskap og prat for dei vaksne.
«Velkomen til Open kyrkje»
kl. 17.00- ca 18.00 følgjande datoer i haust: 22.sept, 20.okt, 3.nov og 19.nov
Me startar med ei samling med song og bibelfortelling. Etterpå serverer me pølse i brød og drikke. Sidan me nå må halde avstand til kvarandre vil kvart barn få utdelt ein «forundringspose» med ulike leiker og aktivitetar kvar gong. Me kjem og til å ha ulike aktivitetar som kan gjennomførast med avstand til kvarandre både inne og ute.
