Gudsteneste 14.august i Stord kyrkje


Denne søndagen er det felles gudsteneste i Stord kl 11.00
Det er gudsteneste med 4 dåp. 
Organist er Bjarte Aadland og prest er Reidar Ådnanes.

Komande søndag  møter me ein tekst som handlar om søsken. Det er eit lite utdrag frå den spennande  fortellinga om brødrene Jakob og Esau. Den er verkeleg verdt å lese- heile den dramatiske fortellinga om tvillingane som var i strid med kvarandre i store deler av livet. ( 1. mosebok frå kap 25 og framover til og med kap 33.) Teksen for dagen handlar om eit møte mellom dei to- eit møte som Jakob , med god grunn, gruar seg for.

Jakob såg opp og fekk auge på Esau, som kom med fire hundre mann. Då fordelte han borna mellom Lea, Rakel og dei to slavekvinnene. 2 Han stilte slavekvinnene og borna deira fremst, Lea og borna hennar bak dei og Rakel med Josef sist. 3 Sjølv gjekk han føre dei og bøygde seg sju gonger til jorda, til han kom bort til bror sin. 4 Men Esau sprang imot han, slo armane rundt han, kasta seg om halsen på han og kyste han. Og dei gret. 5 Esau såg opp og fekk auge på kvinnene og borna. Då sa han: «Kven er det du har med deg?» Jakob svara: «Det er dei borna som Gud i sin nåde har gjeve tenaren din.» 6 Slavekvinnene kom då fram med borna sine og bøygde seg til jorda. 7 Lea kom òg fram med borna sine og bøygde seg. Til slutt gjekk Josef og Rakel fram og bøygde seg.

    8 Esau spurde: «Kva ville du med heile den flokken eg møtte?» «Eg ville at min herre skulle sjå på meg med velvilje», svara han. 9 Då sa Esau: «Eg har rikeleg, bror. Ta du vare på det som ditt er!» 10 «Nei, kjære deg», svara Jakob, «ser du på meg med velvilje, så ta imot gåva mi! For då eg såg andletet ditt, var det som eg såg Guds eige andlet; så venleg var du mot meg. 11 Ta no imot gåva som eg lét senda deg! For Gud har vore nådig mot meg, og eg har alt eg treng.» Jakob bad han så inntrengjande at han tok imot gåva.  ( 1 mosebok kap 33,1-11)

Denne fortellinga og dei andre tekstane for dagen tar opp det viktige- og vanskelege spørsmålet om tilgjeving. Kva er det å tilgi ?- er det å gløyme, er det å late som ikkje noko galt har hendt ?

Kan alt bli tilgitt ? Kan me setja vilkår for tilgjeving ?  Om me nølar med å sei at det er eit vilkår, ein betingelse, så utfordrar Jeusu oss i ein av dei andre tekstane:

25 Men når de står og bed og har noko å klaga ein annan for, så tilgjev han. Då skal òg Far dykkar i himmelen tilgje dykk misgjerningane dykkar. 26 Men om de ikkje tilgjev, skal heller ikkje Far dykkar i himmelen tilgje dykkar misgjerningar.» Mark 11,25-26

Denne utfordringa må me gå inn i, vel vitande om at Guds kjærleik og evne til å tilgi er fullkomen. Vår  kjærleik og evne  er det ikkje. Det betyr at tilgjeving kan vera både vanskeleg og tidkrevjande, den er ikkje lettvindt. Det handlar om  erkjenning frå den som har gjort noko galt, vilje til oppgjær. Og kan hende  er eit første steg på vegen å sei: Sjølv om smerten er der skal eg ikkej bruke det mot deg….

Og så veit me at for den som tilgir er det og ein lette å sleppa  bitterheten og hatet som så lett kan setja seg fast. Det er mykje fridom i å bli tilgitt, men og i å tilgi !

Reidar Ådnanes

 

Tilbake