Huglo bedehuskapell


I 1911 blei materialer frå eit gammalt meieri i Hatlestrand kjøpt inn. Det var starten på det som i dag heiter Huglo Bedehuskapell.

 

Etter å ha vore bedehus i litt meir enn to tiår blei Huglo bedehuskapell vigsla i 1936. Preikestolen er og datert same årstall. Sokneprest Mjøs hadde på 1930-talet ivra for at folk på Huglo skulle få sitt eige kapell. Bedehuset blei difor påbygd med nytt kor med altar, og vigsla til kyrkjelege handlingar. 

I alle år har bedehuskapellet vore ein viktig samlingsstad for folket på Huglo. Bygget er eigd av bygdefolket. Dei stiller opp på både dugnad og arrangement og har ei sterk tilknytning til bedehuskapellet. Etterkvart som behov har meldt seg har det kome påbygg. I 1976 blei det bygd peisestove, kjøken, toalett og garderobe. Den nyaste oppgraderinga på bedehuskapellet var sommaren 2020, då bygget fekk nytt tak. 

Det er gudstenester i Huglo bedehuskapell ca ein gong i månaden. Men bedehuskapellet er i bruk kvar einaste veke; til møter eller bibelgrupper.

Tilbake