Ord for veka; Mange kjensler



Korona-situasjonen grip om seg. Det skapar mange ulike kjensler hos oss. I bibelen les me om læresveinane som vendte seg til Jesus med sine kjensler. På same måten kan me koma med våre kjensler til Jesus, aleine eller saman med andre. 

 

Ord for veka. Mange kjensler.

Mange kjensler hos dei som var i lag med Jesus.
I kapittel 10 i Markusevangeliet les vi om mange ulike kjensler. Læresveinane og andre som følgde med Jesus bar med seg ulike kjensler:
- læresveinane vart gripne av otte og undring, vers 24
- dei vart reint forstøkte, vers 26
- dei var urolege, vers 32, og
- dei som fylgde med vart redde, vers 32.

Mange kjensler hos oss.
Korona-pandemien grip om seg, og hos oss. På sundag vart dei ordinære gudstenestene i Kvinnherad avlyst grunna smittesituasjonen. Det same skjer med  arrangement på Stord. Korleis skal det gå? Med oss? Med meg? Kor vil dette enda? I mitt liv, hos oss, i vårt land, i verdssamfunnet? I slike tider kan vi kjenna på mange ulike kjensler, og slike kjensler som læresveinane bala med.

Læresveinane vende seg til Jesus. Læresveinane – med dei mange kjenslene, vart verande hos Jesus. Med Peter i spissen kom dei til han med det dei bar med seg. Jesus tok i mot dei, nett slik dei hadde det. Jesus møtte Peter, han tok Peter sine spørsmål på alvor.

Dele kjenslene med andre. Vi får koma med våre kjensler til Jesus, saman og kvar for oss. I kyrkja er det og i disse tider høve til samtale der vi og kan dela dei mange ulike kjenslene med kvarandre.

 

Svein Arne Theodorsen

 

 

 


 

Tilbake