Om å leva ut draumen


På tysdag 22.november vert det Puls på livet om det å leva ut draumen. Me har invitert Kjersti Østang Valvatne og Solveig Meyer Eide til ein sofaprat med Reidar Ådnanes

Kjersti har alltid hatt ein draum om å leva på ein gard med dyr rundt seg. Dette har ho realisert ved å skapa nytt liv i den gamle garden på Valvatna. Der har det ikkje vore dyr på mange år etter at eigarane i familien gav seg med dyr for minst ein generasjon sidan. No går det både hestar, geiter, høner og av og til griser på garden. Dette er ikkje berre til glede for Kjersti. Her han folk komma og få nyttige erfaringar og gode opplevingar både sommar og vinter.

Solveig har alltid vore glad i å strikka og veva. Ho kallar seg vev- entusiast og garn- nerd. Dette har ho brukt til å skapa si eiga verksemd ho kallar Vevnad. Her gir ho andre hjelp til å skaffa seg kunnskap, utstyr og materialar til sjølv å utøva det gode handverket.

Felles for dei begge er at det dei har gjort, spring ut av ein draum og ei interesse dei har hatt frå dei var små. I tillegg har dei begge ei musikalsk side som dei vil dela med oss denne kvelden. Dette gler me oss til å høyra meir om.

Tilbake