Felles festgudsteneste i Nysæter


30 års- eller rettare  31 års-jubileum. Søndag 18.desember er det gudsteneste  for begge sokna i Nysæter.

Jubileum og markering av prestebyte.

Vel møtt til gudsteneste i Nysæter 18.desember .
 15 desember i fjor var det 30 år sidan Nysæter Kyrkje vart vigsla av biskop Per Lønning. Ein merkedag for bygda og kommunen vår. Jubileumsfeiringa i fjor vart amputert då det like før jul kom strenge  korona-restriksjonar. No nyttar me høve til å markera både jubileet og at det skjer eit skifte i prestetenesta. Jørgen Knudsen som har vore sokneprest i omlag 5år skal no bli sokneprest i Stord. Og "gamlepresten" i Nysæter, Reidar Ådnanes, skal attende i teneste som sokneprest. Dette vert markert i samband med gudstenesta og kyrkjekaffien denne dagen. Det blir kake.

I gudstenesta deltek kyrkjekoret Sanctus og ein messingkvartett. 

 

Tilbake