Koret Sanctus med folkedansmesse


Søndag 11. juni skal eit samansett kor av koret Sanctus frå Nysæter kyrkje og Prosjektkoret i Etne kyrkje samarbeida om folkedansmessa «Tred inn i dansen». Ein viktig brikke er og dansarar frå Stord ungdomslag.

Dette blir i Nysæter kyrkje på føremiddagen og i Etne kyrkje om kvelden. Ein viktig brikke i messa er dansarar frå Stord ungdomslag som dansar til fleire av ledda i messa. Instrumentalt blir strykarar med og spelar til ledda i messa. Liturg er Reidar Ådnanes.

Dette er ei svensk folkedansmesse som koret Sanctus saman med ensemble gjennomførte i både Nysæter kyrkje og i Stord kyrkje for eindel år sidan. Koret var og på sjømannskyrkjer i Spania og framførte messa.

Kora tek varmt imot fleire songarar som kan tenkja seg å vera med på prosjektet som songarar, det vert øvd på messa framover våren i hhv. Nysæter kyrkje og i Etne kyrkje onsdagskveldar før kora slår seg saman ikkje lenge før framføringa. I Nysæter kyrkje øver me på stoffet frå onsdag 11. januar kl 19-21.

Me ser fram til dette!

Tilbake