Søndag 12. februar er det familiegudsteneste i Nysæter med fokus på dei alle minste.
Me inviterer særleg babyar med foreldre og resten av familien.
Bilete er frå "Mat og prat" i Nysæter kyrkje 7. februar.
Jesus sa: De må bli som barn for å kome inn i Guds rike. Kva betyr det? Korleis tar me imot barna i kyrkja ?
Denne gudstenesta vil me bokstaveleg tala ha dei minste i fokus, ei enkel gudsteneste med innslag frå "BABYSONG". Eit barn skal døypast, det er kyrkjekaffi . Ta med barn, barnebarn, babyen eller dei store barna - og kom. Trusopplærar Ingvild er med, Bjarte er organist og Reidar er prest.