Ord for veka; Tru


Reidar Ådnanes skriv om tru med utgangspunkt i Johannes 6.68. Han skriv om korleis Jesus vore der og utfordra, kalla, halde fast både når trua har vore enkel og fast og når den har vore vaklande og svak.

 

Då eg var konfirmant hadde me fått eit nytestamente og ei arbeidsbok. Me hadde heimeoppgåver. Me skulle lesa eit stykke i  Johannesevangeliet , streka under eit vers og skriva det inn i arbeidsboka. Eg har det testamentet enno. Eg kan sjå korleis eg har leita etter korte setningar som eg kunne streka under og skriva ned. Eg var ikkje så glad i  mykje heimearbeid. Men ettersom konfirmanttida gjekk endra det seg. Eg leita ikkje lenger berre etter dei korte setningar, men eg kan sjå at eg har streka under noko som  var viktig FOR MEG.  I kapittel 6  dukkar dette understreka verset opp:

 Då spurde Jesus dei tolv: «Vil de òg gå bort?» 68 Simon Peter svara: «Herre, kven skulle vi gå til?

Ikkje imponerande langt, men det vart eit vers å halda fast i. Når usikkerhet og tvil kom – og kjem. Når eg syns det er vanskeleg å tru, vanskeleg å leva rett, vanskeleg å kalle meg ein kristen, vera prest, stå for alt dette…

Kva er alternativet, kva anna kan eg tru på? Kan eg berre slutte å tru ?  Peter sitt svar høyrest kanskje ikkje så entusiastisk ut. Eg trur fordi eg ikkje kan finna noko alternativ. Men det ligg og ei overtyding i denne avgjerd. «for vi trur , og vi veit at du er Guds heilage.»

Og så har eg vel innsett og erfart  at det er ikkje så mykje min faste vilje og val som har vore det viktigaste. Men at gjennom alt dette: Evangelietekstane, menneske eg møtte, arv eg fekk med meg så har Jesus vore der og utfordra meg, kalla meg, halde meg fast både når trua har vore enkel og fast og når den har vore vaklande og svak.

Tilbake