Folkedansmessa "Tred inn i dansen" i Nysæter kyrkje.
Søndag 11. juni kl 11.00 vert det ei gudsteneste litt utanom det vanlege i Nysæter kyrkje. Då skal folkedansmessa "Tred inn i dansen" gjennomførast i kyrkja. Tekst og musikk i messa er av Per Harling og noko av musikken og arrangement er laga av Susanne Bågenfelt. Denne folkedansmessa er ei fullblods gudsteneste med messeledd som Kyrie, Gloria, preike, nattverd osb. Det mest spesielle er nok at nokre par frå Stord Ungdomslag og Stord Folkedanslag er med og dansar folkedans til fleire av messeledda. Eit samansett kor av koret Sanctus og Prosjektkor i Etne kyrkje syng korsatsar og messeledda. Fire strykarar tek del på fiolinar og bass. Kyrkjelyden er og involvert i allsong på nokre av ledda. Liturg i gudstenesta er sokneprest Reidar Ådnanes. Musikalske leiarar er Tone Heide og Bjarte Aadland. Messa skal og gjerast i Etne kyrkje same kvelden.
Velkommen til "Tred inn i dansen"