Ord for juleveka; søster og bror


Gud skjønar kven me er,- han pusta liv i oss den gongen og gav oss nåden, la i oss kjærleiken. Gjorde oss til søstre og brør. I kraft av å vera den du er, er du god nok. God nok for jula skriv Hjørdis J Hegland i ord for juleveka.

 

Dette er tida då me vert minna på kor mykje me skal kjøpa, kor mykje me skal stella i stand, baka, vaska og anka på,- om det vert godt nok? Godt nok for å feira jul. God nok for å feira jul. Kva, sa eg det? God nok for å feira jul?

Denne hausten har me vorte presenterte for flotte privatheimar i avisa, me har vorte presenterte for inntektene til folk.  Alt dette «peset» utanfrå, gjer mange av oss mødde og slitne. - Eg har det ikkje slik, eg handlar ikkje mykje. Kan eg likevel vera god nok-? 

Jesusbarnet vart æra med kostesame gåver, dei som kom skjøna kven han var. Dei skjøna han var den som gjennom vår Far ville gje oss ALT.

Gud skjønar kven me er,- han pusta liv i oss den gongen og gav oss nåden, la i oss kjærleiken. Gjorde oss til søstre og brør. I kraft av å vera den du er, er du god nok. God nok for jula.

Vår kostesame gåva kan vera å sjå  våre søstre og brør i kjærleik. Vår kostesame gåve kan vera å verna om kloden som ikkje toler meir av oss.

Kjære  Gud 
Takk for du hjelper oss å stå oppreist inni oss sjølve. Takk for gleda som kjem innanfrå. Hjelp oss å sjå kvarandre med varme. Hjelp oss å verna om kloden vår.

Ei signa høgtid til alle med denne vakre, danske julesalmen av  Nils Larsen

Hjørdis J.Heggland

HYMNE

Fader vor, kom oss i møde
Hjelp os du som gav din søn, der led for oss og døde

I vort hjem mørket os knuger
Lad os skimte stjernen over Betlehem

Herre hør! Hold dine hænder
Over den som dem, -som kjemper, som lider og dør

Giv os fred! Hør vor bøn!
Lad det være alle vore tårers løn.

Mine børn, elsk hverandre
Se, jeg gav min søn at i hans fodspor I skal vandre

Lyd mit ord, elsk hverandre!
Tilgiv alt, så blir der dag og fred på jord

Tilbake