Det blir skapt historie i Estland.


Det skjer mykje i Nysæter kyrkje sitt misjonsprosjekt i Mustamäe og Saku.Det må vera lov å bruka uttrykket „historisk“ når me snakkar om vigsling av flunkende nye kyrkjebygg i Estland.

 

Det er tolv år sidan ei lita gruppe delte visjonar og drømmer om ein kyrkjelyd i Mustamäe – ein folkerik bydel med omlag 65 000 menneske nær hovudstaden Tallinn i Estland. NMS blei med og 2 seinare blei kyrkjelyden danna. Måndag 21. desember 2020, på St. Thomasdagen, blei Saku St. Thomas kyrkje vigsla. Det same blei alter, døypefont og preikestol. I luthersk samanheng har det bare skjedd ei gong etter 2. verdskrig at det har blitt vigsla nye kyrkjebygg i Estland. I dag har kyrkjelyden om lag 130 medlemmer, men også andre deltar på gudstenester eller i det rike utvalet av grupper – for kvinner og menn, små og store.

Tiårsfeiringen i kyrkjelyd og innviing av nytt kyrkjebygg  er en stor opptur. Dagen var spesielt viktig for de eldre i menigheten. Disse er menighetens grunnpilarer, og flere har vært med fra starten av.

Ei stor utfordring for kyrkjelyden i det vidare arbeidet er økonomi. Dei treng 250 000 euro for å gjera hovudetasjen på det nye kyrkjebygget så ferdig at de kan få brukstillating. Ei stor glede er at Tallinn by støtter vidare bygging av kyrkja med 50 000 euro. Andre gleder er at kyrkjelyden er i gang med ungdomskonfirmasjons-gruppe, og at dei har fått eit av dei dyktigaste kristne kora i hele Estland i hende.

 

Tilbake