Nye stolar i Nysæter kyrkje


Det er fantastisk kjekt at me i desse dagar kan setta rekker med heilt nye stolar på plass i Nysæter kyrkje. 

 

Det er kjøpt inn 330 stolar frå stolfabrikken Fyresdal Tre, stoltype Faktor. Stolen er i olja eik, med raudt stoff i sete og rygg. Stolkomitèen, beståande av Karen Marie Valvatne, Jens Arne Stautland og Reidun Andersen, har hatt kunsthandverker Karoline Emmerhoff med som fagperson, samt Tormod Stautland i forhold til lyd og akustikk. Stolane vart godkjent av biskopen 28. september 2020, og vart bestilt dagen etter. Torsdag 14. januar 2021 var stolane på plass i kyrkja.

Tilbake