Søndagskaffi i Kyrkjestova Fredheim


Søndag 29. september kl. 17:00

 

POTETFARTEN FRÅ FITJAR TIL BERGEN - kåseri ved Karvel Strømme

Poteten har berga mange liv både i land og by. På sundagskaffien siste helga i september vil Karvel Strømme kåsera om poteten si ferd frå åkeren på Fitjar til middagsbordet i byen.

Strømme har vore lærar på Rimbareid skule i ein mannsalder. No er han pensjonist, men framleis aktiv og engasjert. Han er med i kyrkjebladsredaksjonen i Fitjar, og han er interessert i kunst og historie, særleg islandsk historie, språk og kultur.

På sundagskaffien vil han dela lokalhistorisk kunnskap med oss, om Fitjar-potet på veg til Bergen.

Som vanleg blir det allsong og kaffi med heimebakst. Alle er velkomne

Tilbake