Taizé-messe i Nysæter kyrkje


Onsdag 2. oktober kl. 19:00

I Taizé i Frankrike er det ein munkeorden. Denne munkeordenen er det me kallar økumenisk, den er satt saman av munker frå forskjellige kristne trussamfunn. Taizé-fellesskapet har vore eit populært reisemål for unge kristne over heile verden, i mange forskjellige kyrkje. Her kjem ein saman og får be i lag og reflektere over Bibelen og trua saman. Det økumeniske fellesskapet minner oss på at me er kristne i lag og at me kan samlast i bøn saman, sjølv om tradisjonane våre er forskjellige.  

Noko av det som kjenneteiknar Taizé-tradisjonen er tidebønene og songane. Songane er enkle og korte, men er lagd for å syngje mange gonger. Mange av dei er bibelvers som ein syng saman, og det skaper ei meditativ bøn. Tidebønene er prega av at me syng songane saman, gjerne fleirstemt, i ein roleg atmosfære. I tillegg les ein frå Bibelen og ber saman til Gud, og ein har ein liten stillheit midt i bøna kor ein kan be for seg sjølv og reflektere.

I kyrkjene på Stord er heller ikkje Taizé-songar ukjend. Ofte syng me Taizé-songar etter evangelielesinga i gudstenesta, til dømes «Pris din Gud, mi sjel» og «Laudate Omnes Gentes». No ynskjer me å invitere til ei eiga Taizé-messe i Nysæter kyrkje, kor me skal feire gudsteneste slik som tidebønene i Taizé blir feira, og kor me feirer nattverd saman. Ungdomsprest Runar Larsen og sokneprest Fridleif Lydersen leiar bøna saman med kantor Bjarte Aadland og koret Sanctus, som er med som forsongarar.

Taizé-messa er open for alle som vil vere med. Taizé er eit økumenisk fellesskap, kor forskjellige kyrkjer i verda møtes, og det er òg ein stad der kulturar møtes. Songane synges på forskjellige språk og bibeltekstane blir òg lese på forskjellige språk. Difor inviterer me òg dei som snakkar andre språk til å vere med å lese, slik at me kan lese Bibelen saman med det mangfaldet som er til stades. Om du snakker eit anna språk enn norsk og kan tenkja deg å lese bibelteksten på ditt språk, send gjerne ein mail til ungdomsprest Runar Larsen: runar@kyrkja-stord.no.

Tilbake