SunnhordlandsPodden om Cuba


SunnhordlandsPodden om Cuba


Stord sokn har eit misjonsprosjekt som gjer at dei no er i gang med Cuba - prosjektet. Dei har teke på seg å senda ei stor hjelpesending til Cuba. På Cuba treng dei det aller meste. Astrid Valvatne Granli og Anders Dahl har vore i SunnhordlandsPodden og snakka om dette prosjektet. Lenke til episoden ligg nederst i innlegget.

Lurer du på korleis du kan bidra?

1. Lever godt brukande ting (klær, syklar, leiker, møbler etc) til Stallen på torget (laurdagar kl 12-15 fram til jul) eller på innsamlingskveldar i Kyrkjestova (8.jan, 22.jan, 5.feb og 19.feb). Ein kan og levera på kyrkjekontoret (mandag, tysdag og torsdag kl 10.00-14.00)

2. VIPPS eit bidrag til Stord sokn (124653), merk med Cuba.

 

Tilbake