Laurdag 25. januar til sundag 26. januar vil me invitera alle 12-åringane som tilhøyrer Stord kyrkje til noko spennande nemleg LysVaken i kyrkja.
Det er eit arrangement som blir gjennomført i kyrkjer over heile landet, og er ein del av Trusopplæringa i Den norske kyrkja.
I Stord kyrkje har me tradisjon på å overnatta i kyrkja. Me møtes laurdagskveld, og på søndagen et me frukost i kyrkja, før me er med på gudstenesta kl 11:00. Då er resten av familien til 12-åringen hjarteleg velkommen. Under gudstenesta blir det utdeling av ei flott bok. Arrangementet er ferdig etter gudstenesta.
Me møtes i Stord kyrkje, laurdag 25. januar kl 18:00.
På Lys Vaken skal me leika, bli kjende med kvarandre, bli kjent med kyrkja og me skal laga til gudsteneste og eta god mat.
Lys Vaken handlar om å vera «lys vakne» for kvarandre, for Gud og for oss sjølve.
Påmelding her innan tysdag 21. januar.