Nysæter kyrkje tysdag 28. januar kl 19:00
Fagleg innlegg ved Karen Irene Høyland
Reidar Ådnanes i sofaprat med pårørande til nære dei gradvis miste kontakten med
Demens er blitt ein stor folkesjukdom i landet vårt. I dag er det over 100 000 menneske med demens i Norge, og det er venta at dette talet vil dobla seg dei neste 20 åra. Dei fleste av oss har eller vil få nærkontakt med denne sjukdomen.
Difor vil me denne kvelden fokusera på demens og det å vera pårørande til personar som me gradvis misser kontakten med. Kva er viktig å vita? Kva kan ein gjera? Korleis skal ein oppføra seg?
Karen Irene Høyland er sjukepleiar og har ansvar for fagutvikling ved Stord sjukeheim. Ho har tidlegare jobba ved sjukepleiarutdanninga på HVL. Ho vil dela av sine kunnskapar om sjukdomen og eigne erfaringar med arbeid for og med dei som er råka, både dei sjuke og dei pårørande. Og så vil nokre pårørande til personar med denne sjukdomen fortelja om sine personlege erfaringar.
Noah Wibe og Kristina Nicholls har musikalske innslag.