SUNDAGSKAFFI 2. februar kl.17.00 i Kyrkjestova Fredheim
KYRKJA SINE SKJULTE SKATTAR ved Ove Arne Olderkjær
Velkomen til ei hyggeleg og interessant stund med bildekåseri, allsong og kaffipause med heimebakst!
Ove Arne Olderkjær, tidlegare journalist i Bergens Tidende, har vore på skattejakt. På Universitetsmuseet i Bergen og på Sunnhordland museum har han funne skattar frå gamlekyrkja på Stord som vart riven på 1850-talet. På sundagskaffien vil han visa bilete og fortelja om desse skattane. Det handlar om preikestol, panel, kyrkjedør, altertavle og gjenstandar brukt i samband med gudsteneste og gravferd. Mykje interiør og utstyr frå den gamle kyrkja er borte, men lukkelegvis var det einskildpersonar med blikk for god kyrkjekunst som sytte for at deler av det spesielle gamleinteriøret blei sikra og overlevert til musea.