Søndag 11.mai om kvelden held eit utvida Sanctus korkonsert saman med band og solist i Nysæter kyrkje.
1.mai 2016 hadde eit utvida kor Sanctus frå Nysæter kyrkje ein konsert saman med 5-manns band og songsolist i Nysæter kyrkje.Konserten var av det meir jazzige slaget.Den hadde tittelen Bjerkrheimjazz.Tittelen henspegla på salmediktaren Trygve Bjerkrheim,kjend for songar som Han tek ikkje glansen av livet og Det strøymer ei livselv av lukke.Avisa Sunnhordland skreiv i etterkant at dette vil me ha meir av,så konserten den gong fall i smak.
11.mai no i år gjer me ein konsert som liknar mykje på konserten i 2016.Mykje av Bjerkrheimstoffet er med denne gongen og,men no tek me med litt andre ting i tillegg,som t.d.litt frå Skeie/Tveit sitt verk Visst skal våren komme,litt frå folkedansmesse og litt anna og.Musikarar og solist er samansett av ein gjeng proffe musikarar,meir informasjon kjem etterkvart,men velkomne til konsert når den tid kjem!