Kode B for 12-åringar i Stord sokn!


Kode B for 12-åringar i Stord sokn!


Onsdag 19. mars frå kl: 17.00 - 20:00 inviterer me til Kode B samling! Kode B er eit mini-bibelkurs for deg som fyller 12 år i år. Det vert leikar og oppgåver både inni og utanfor bibelen! Midt i samlinga vert det servert mat og kaka. 

Mange fekk bibel i januar då dei var med på Lys Vaken. No er det på tide å gjera seg litt meir kjend med denne boka. Ta med deg bibelen du fekk og kom på Kode B!
Dersom du ikkje var på Lys Vaken i og fekk bibel, så skal du få bibel når du kjem på Kode B samlinga! 

Påmelding før måndag 17. mars

Påmelding her.
Denne samlinga vert i Kyrkjestova Fredheim. 


Lurer du på noko, ta kontakt med Kirsti Angvik Frugård på tlf. 920 99 221.

Tilbake