Amigos-samling (for 9-åringar og 10-åringar)


Amigos-samling (for 9-åringar og 10-åringar)


Torsdag 25. september, kl: 18:00 - 20:00 vert det Amigos-samling for alle som er (eller vert) 9-år eller 10-år i år!

Amigos betyr vener på spansk. På samlinga «flyg» me til Cuba med nokre frå kyrkja på Stord og blir kjende med korleis dei lever der. Me høyrer om Jesus som vil vere ven med alle og vil at alle i verda skal få høyra om han. 

Det vert leik og aktivitetar med gamle og nye vener.
Me skal og ete kveldsmat saman.

Du treng ikkje melde deg på – berre kom. Inviter gjerne med deg fleire frå klassen din. Alle er velkomne! 🤗

Er det noko du lurer på? Ta kontakt med Anita Skjæveland på telefon 416 48 973 eller e-post anita_skj@hotmail.com

Tilbake