Tysdag 28. april kl. 19.00 vert det soknemøte for Stord kyrkjelyd i Kyrkjestova.
Eit soknemøte er eit ope møte for alle i kyrkjelyden der ein kan høyre om det som skjer, seie si meining og vere med å forme kyrkjelyden.
I år kjem Kjell Ove Hatlem frå Normisjon og fortel frå nylege turar til Cuba og om korleis situasjone er der no.
Det vert og ein kort prat med Guro Betten som er tilsatt som ny kyrkjeverje frå 1.august.
Servering av kveldsmat, song og litt informasjon om kva som skjer i kyrkjelyden no og framover. Du kan og lese meir om arbeidet i soknet sin Årsrapport for 2025.
Alle er hjarteleg velkomne til ei kjekk stund i lag!