Salmekveld i Nysæter kyrkje


Salmekveld i Nysæter kyrkje


Måndag 25. mai, altså 2. pinsedag, kl 19.30 vert det salmekveld med koret Sanctus i Nysæter kyrkje.

Ved salmekvelden kjem kantor Bjarte Aadland til å fortelja litt om salmane undervegs. Koret Sanctus syng noko åleine fleirstemt som kor, men på mesteparten av stoffet kan kyrkjelyden vera med på salmane. Sanctus er heile vegen forsongskor. Fleire av salmane i salmeboka står fleirstemt, såleis er det råd for kyrkjelyden å syngja med på korstemmer saman med koret, evt syngja melodi eller ikkje syngja med og berre studera teksten i salmeboka undervegs. Stoffet spenner frå Guds kirkes grunnvoll ene, via O Jesus åpne du mitt øye til salmar frå nigeriansk og palestinsk opphav. På fløyte er Barbro Høyland Andersen med og ved pianoet sit Tone Heide. Det er gratis inngong.

Velkomne til salmekveld!

Tilbake