Undretur og familiegudsteneste med fireårsbok i STORD kyrkje


Undretur og familiegudsteneste med fireårsbok i STORD kyrkje


Undretur LAURDAG 26. og familiegudsteneste SØNDAG 27. september kl. 11:00.

Velkomen til familiegudsteneste i Stord kyrkje, søndag 27. september kl. 11:00. Det vert utdeling av barnebibel til alle fireåringar!📖 Fire born skal berast til dåpen.

Prest Jørgen K. Knudsen, organist Ivar Mæland, kyrkjelydspedagogar Elisabeth Moldestad og Elisabeth Søndenå Oma. Takkoffer til barne- og ungdomsarbeidet. Kyrkjekaffi☕️🍪

Laurdag 26. september kl. 11:00 vert det òg undretur i Stord kyrkje for alle fireåringar! Her vert det ei kort samling med musikk og bibelforteljing, før me tek oss ein tur rundt omkring i kyrkja og utforskar dei ulike romma og tinga som er å finna der🔍🔔🎹⛪️

Tilbake