Presentasjonsgudsteneste Nysæter kyrkje 16. august


Presentasjonsgudsteneste Nysæter kyrkje 16. august


Søndag 16. august, kl. 11:00 i Nysæter kyrkje. 

Κύριε ἐλέησον

"Det er heilt gresk for meg"... Har du nokon gong tenkt at det er mykje uforståeleg som skjer undervegs i ei gudsteneste, og at det kan vera vanskeleg å forstå kvifor ein gjer slik ein gjer?

SØNDAG 16. AUGUST, KL: 11:00 vert det kommentert gudsteneste i Nysæter kyrkje.

Dette er ei gudsteneste der ein får dei ulike ledda i gudstenesta forklart og får svar på kvifor ein gjer som ein gjer. Ja, og noko av det er faktisk litt gresk òg.

Det vert òg KONFIRMANTPRESENTASJON av dei nye konfirmantane i Nysæter sokn.

Prest Olav J Oma, kyrkjelydspedagog Solbjørg Hope Angeltveit, kantor Bjarte Aadland. Takkoffer til KRIK (Kristen Idrettskontakt). Kyrkjekaffi etter gudstenesta☕️

Det vert òg møte for alle konfirmantar og føresette etter gudstenesta.

Velkommen!🤗💒

Tilbake