Presentasjonsgudsteneste Stord kyrkje 23. august


Presentasjonsgudsteneste Stord kyrkje 23. august


Søndag 23. august, kl. 11:00 i Stord kyrkje. 

Κύριε ἐλέησον

"Det er heilt gresk for meg"... Har du nokon gong tenkt at det er mykje uforståeleg som skjer undervegs i ei gudsteneste, og at det kan vera vanskeleg å forstå kvifor ein gjer slik ein gjer?

SØNDAG 23. AUGUST, KL: 11:00 vert det kommentert gudsteneste i Stord kyrkje.

Dette er ei gudsteneste der ein får dei ulike ledda i gudstenesta forklart og får svar på kvifor ein gjer som ein gjer. Ja, og noko av det er faktisk litt gresk òg.

Det vert òg KONFIRMANTPRESENTASJON av dei nye konfirmantane i Stord sokn.

Prest Runar Larsen, kyrkjelydspedagogar Solbjørg Hope Angeltveit & Elisabeth Moldestad, kyrkjemusikar Noah Wibe. Takkoffer til kyrkjemusikalsk arbeid. Kyrkjekaffi etter gudstenesta☕️

Det vert òg møte for alle konfirmantar og føresette etter gudstenesta.

Velkommen!🤗💒

Tilbake