Amigoskveld for 9- og 10 åringar


Amigoskveld for 9- og 10 åringar


Velkomen til Amigos-samling torsdag 5. november.

Det er for deg som er (eller vert) 9 eller 10 år i år.

 

Amigos betyr vener på spansk. På samlinga «flyg» me til Cuba og vert kjende med korleis dei lever der. Me høyrer om Jesus som vil vere ven med alle og vil at alle i verda skal få høyra om han.

 

Det vert leik og aktivitetar med gamle og nye vener.
Me skal òg ete kveldsmat saman.

 

Tid: Torsdag 5. november kl 18.00 - 20.00

Stad: Kyrkjestova Fredheim (Hystadvegen 32)

Påmelding: HER innan måndag 2. november.

 

Er det noko du lurer på? Ta kontakt med Anita Skjæveland på telefon 416 48 973.

Me gler oss til å treffa deg!

 

Velkomen!

 

 

         

Tilbake