Me vil invitera deg til å bli med på noko spennande, nemleg LYS VAKEN i kyrkja.
Alle som er eller blir 11- år no i 2026 og tilhøyrer Nysæter sokn får eigen invitasjon i posten, men andre 11-åringar er like velkomne til å delta hos oss!
Lys Vaken er eit arrangement som blir gjennomført i kyrkjer over heile landet, og er ein del av Kyrkjeleg undervisning og læring i Den norske kyrkja.
Me møtes i Nysæter kyrkje laurdag 28. november kl. 18.30 og skal
overnatta i kyrkja.
Søndag morgon et me frukost, før me deltek på gudstenesta i kl. 11:00. Under gudstenesta vert det utdeling av bok til alle Lys vaken deltakarane.
Påmelding HER innan søndag 22. november
Lurer de på noko så ta kontakt med kyrkjelydspedagog Elisabeth Søndenå Oma på mobil 45
2 74 335
På Lys Vaken skal me leika, bli kjende med kvarandre, bli kjent med kyrkja og me skal laga til gudsteneste og eta taco. Me skal òg ha tema lys på mange ulike måtar.
Lys Vaken handlar om å vera «lys vakne» for kvarandre, for Gud og for oss sjølve.