Taizé-messe i Nysæter kyrkje


Taizé-messe i Nysæter kyrkje


Onsdag 19 november klokka 19:00 inviterer me til Taizé-messe i Nysæter kyrkje. Taizé-tradisjonen er prega av at me syng saman korte, repetative songar i bøn til Gud. Dette blir ein annleis måte å be og feire gudsteneste saman på. Sanctus er med som forsongarar, og ungdomsprest Runar Larsen og kantor Bjarte Aadland er med. Under gudstenesta blir det nattverd. Alle er velkomne til å delta.

I Taizé i Frankrike er det ein munkeorden. Denne munkeordenen er det me kallar økumenisk, den er satt saman av munker frå forskjellige kristne trussamfunn. Taizé-fellesskapet har vore eit populært reisemål for unge kristne over heile verden, i mange forskjellige kyrkje. Her kjem ein saman og får be i lag og reflektere over Bibelen og trua saman. Det økumeniske fellesskapet minner oss på at me er kristne i lag og at me kan samlast i bøn saman, sjølv om tradisjonane våre er forskjellige.  

Noko av det som kjenneteiknar Taizé-tradisjonen er tidebønene og songane. Songane er enkle og korte, men er lagd for å syngje mange gonger. Mange av dei er bibelvers som ein syng saman, og det skaper ei meditativ bøn. Tidebønene er prega av at me syng songane saman, gjerne fleirstemt, i ein roleg atmosfære. I tillegg les ein frå Bibelen og ber saman til Gud, og ein har ein liten stillheit midt i bøna kor ein kan be for seg sjølv og reflektere.

I kyrkjene på Stord er heller ikkje Taizé-songar ukjend. Ofte syng me Taizé-songar etter evangelielesinga i gudstenesta, til dømes «Pris din Gud, mi sjel» og «Laudate Omnes Gentes». No ynskjer me å invitere til ei eiga Taizé-messe i Nysæter kyrkje, kor me skal feire gudsteneste slik som tidebønene i Taizé blir feira, og kor me feirer nattverd saman.

Tilbake