Velkomen til dåp - og i koronatid


Spørsmåla kan vera mange for de som i desse tider har ein nyfødd baby i armane. Handlar ein av dei tinga de lurer på om dåp i koronatid?

 

Kyrkja ønskjer velkomen til dåp, og me vil gjera alt me kan for å legga til rette for at dåpsfamilien skal få ei fin dåpsdag i kyrkja. Med det makstalet som gjeld no har me ei dåpsgudsteneste for kvart dåpsborn, difor kan klokkeslettet bli litt annleis enn det som står i påmeldingsskjemaet for valgt dåpsdato.  Ring oss (53403430) eller mail oss (post@kyrkja-stord.no) om de har tankar eller spørsmål om kva de skal gjera med tanke på dåp. 

Samstundes skjøner me godt at mange av dei nybakte foreldra i desse tider spør seg kva dei skal gjera med dåpen av den lille babyen sin? Kva gjer ein når det er makstal på 10 stk som kan vera tilstades i kyrkja og 20 som kan vera samla til dåpsfest? Kanske har ein tankar om ein stor fest med familie og vener og mange gjester? Og så er det umogleg akkurat nå. 

Skal ein venta med dåp til samfunnet opnar opp igjen? Nokre vel å gjera det, og vil venta til dei kan ha stor dåpsfest. Me har stor forståing for å tenkja slik. Men samstundes er usikkerheita og stor på kor tid samfunnet vil opna opp slik at me kan vera fleire saman. 

Andre vel å døypa borna sine i kyrkja sjølv om 10 er makstalet på kor mange som kan vera tilstades. Men korleis er det å feira dåp når ein er såpass få i kyrkja? Ei mamma som døypte dottera si hausten 2020 fortalte etterpå at dåpsgudstenesta i kyrkja med bare den aller næraste familie opplevdes nær og intim og veldig fin. "Det blei ein god dåpsdag og eit kjekt selskap med dei som kunne vera der. Det gjer ingenting å ha ei stor feiring til gode saman med alle saman når me igjen kan det" avslutta ho. 

Velkomen til dåp i kyrkjene; Nysæter, Stord og Huglo.

Tilbake