Ord for veka; Godt nytt.


Lisbeth Nygård skriv denne vekas tankestrek. Ho skriv: "Gå ein tur i det strålande vintervéret. Kjenn at sola varmar. At det er du og Jesus i dag; at Han varmar ditt indre". 

 

Den spedalske mannen
Ein gong han var i ein av byane, kom ein spedalsk mann, full av sår. Då han fekk sjå Jesus, kasta han seg ned med andletet mot jorda og bad: «Herre, om du vil, kan du gjera meg rein.» Jesus rette ut handa og rørte ved han. «Eg vil», sa han. «Bli rein!» Og med det same var sjukdomen borte. Jesus forbaud han å seia det til nokon. «Men gå og vis deg for presten», sa han, «og ber fram eit offer for reinsinga di, slik som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei.» Men ordet om han spreidde seg berre endå vidare, og folk kom i flokk og følgje for å høyra på han og bli lækte for sjukdomane sine. Men sjølv trekte han seg ofte tilbake til aude stader og var der og bad. 
Luk 5, 12-16

I denne teksten ser vi at Jesus er i ein by og at han blir omringa av ein stadig større folkemengde. Jesus var godt nytt. Det var noko spesielt med han. Kanskje var det fleire sjuke blandt dei? Kanskje kunne han gjera dei óg friske?
Ja, det er godt å få hjelp når ein er sjuk. For det er vondt å gå med sjukdom. Det er så tappande og slitsomt. Det kan også dreie seg om indre sår; at ein slites mentalt. Då er det godt å koma til Jesus og få be til han; be om å bli frisk og satt fri.
Vi ser at Jesus òg treng å kjenne seg fri; få vera litt aleine, gå til aude plassar, få fred til å be. Vera i det stille. Få påfyll. Bli klar til nye møter. Kva treng du i dag? Kan du tillate deg å vera i det stille. Ta ein pause frå det som set krav til deg. Gå ein tur i det strålande vintervéret. Kjenna at sola varmar. At det er du og Jesus i dag; at Han varmar ditt indre. At Han gjev deg nye krefter. Nytt påfyll og klar til alt det som ligg foran.
Nyt dagen. Amen.

Lisbeth Nygård

Tilbake