Ord for veka; Guds nærleik


Denne veka ber me; "Gud, du gjev oss meining, Du gjeve oss dagen, styrken, Hjelp oss å gjera det gode! Det ber me om. Herre høyr vår bøn!"

 

Kvar morgon, so lenge ho levde, såg eg henne koma ut på trappa om morgonen. Den galme spøtatrøya heldt ho saman over bringa med eine handa. Katten hennar smaug seg ut gjennom døropninga, klar for ein ny dag han og. Sjølv vart ho ståande ei stund på trappa, såg opp mot himmelen.  Det såg ut som ho snakka med nokon.

Guds nærleik. Eg trur ho prata med Gud, eg trur ho pusta inn den nye dagen og kjende på Guds nærleik. Kanhenda takka ho for enno ein levedag. Kanhenda bad ho ei bøn for livet. For kloden. For menneska, - Guds sennepsfrø.  So lite. So stort.

Gud, du gjev oss meining
Du gjeve oss dagen, styrken
Hjelp oss å gjera det gode!
Det ber me om
Herre høyr vår bøn!

Hjørdis J. Heggland

 

Tilbake