Ord for veka; "Våre hodehår Han teller - hver en tåre som vi feller.."


Liv Kari Bru skriv denne veka om ein uendeleg omsorg, kjærlighet og godhet. 

 

"Våre hodehår Han teller - hver en tåre som vi feller.."

Somme gonger tenkjer eg på Isak i romanen "Markens grøde" av Knut Hamsun. Isak - som starta med to tome hender på garden Sellanrå. Romanen fortel at når Isak hadde pløyd åker og sådd korn og sat som herre på Sellanrå, så brukte han å gå ut i stallen og telja hesten. Han hadde nemlig, gjennom ufatteleg mykje slit og hardt arbeid endeleg klart å skaffa seg ein hest. Den var dyrebar for Isak. Han var glad i den og stolt av den, difor talde Isak hesten.

Og eg ser han føre meg - Isak - der han etter dagens strev går ut i stallen og tel hesten: EIN !   1. hest !!

Me kan le litt av Isak, men forstår dette. Jesus tel meg. EIN ! Eit menneske i Guds rike. Og han tel kvar enkelt av oss slik. Lukas 12,7: Ja, kvart hårstrå på hovudet dykkar er talt. Ver ikkje redde ! De er meir verde enn mange spurvar.

Å telja oss slik er ikkje matematikk, men har med uendeleg omsorg, kjærlighet og godhet å gjera. Lat oss kvila i det dei dagane me ikkje heilt får auga på at at gudsriket er nært. Når me ikkje ser himmelglimta i kvardagen vår. Når me er trøtte og slitne og ikkje orkar stort. Også dei dagane tel Jesus oss, fordi me først og fremst er hans barn. Framfor alt så er me Guds barn.

Liv Kari Bru
Kyrkjeverje

Tilbake