Trusopplæring veke 19; 10.-14-mai


Kjempekjekt er det! Å møtast til samlingar i trusopplæringa! Kom og bli med! Sjå nærare info under:

 

Mandag 10.mai
Trilletur både frå parkeringsplassen ved Nysæter kyrkje kl.11.00 og frå parkeringsplassen ved Stord kyrkje kl.11.00. 
Tur ein times tid, med nistepause undervegs. Sosialt og kjekt å vera med på.

Tysdag 11.mai
T1-6 UteSong utanfor Nysæter kyrkje kl. 17.00 for born mellom 1 og 6 år saman med vaksen. Songstund med bibelforteljing, servering av pølse i brød og drikke og leikestund.

Torsdag 13.mai
Friluftsgudstenester kl.11.00 både i Vidstenparken på Leirvik og ved gapahuken i Hustredalen på Litlabø.

Laurdag 15.mai
Konfirmasjonsgudsteneste i Nysæter kyrkje.


 

 

 

Tilbake