Friluftsgudstenester Kr.Himmelfartsdag 13.mai


Kr. Himmelfartsdag ønskjer me velkommen til to friluftsgudstenester; både i Vidstenparken på Leirvik og ved gapahuken i Hustrudalen på Litlabø. Det er ikkje påmelding til gudstenestene, men ei enkel registrering når de kjem.

 

I Vidstenparken på Leirvik er det familegudsteneste kl. 11.00. Prest Olav Oma, kyrkjelydspedagog Brynhild M Stautland og organist Noah Wibe deltek.Takkoffer til Norges KFUK-KRUM, vipps 124653. Denne gudstenesta blir sendt direkte på kyrkja si facebookside. 

Stord kyrkje; Dåpsgudsteneste kl. 12.45 med Olav J Oma, Noah Wibe og Brynhild M Stautland. 

Ved gapahuken i Hustrudalen på Litlabø er det gudsteneste kl. 11.00 med Jørgen Knudsen og Bjarte Aadland. 

Når det er frilufstgudsteneste kan me vera fleire saman enn me kan inne i kyrkjene. 

 

Tilbake