Ord for veka: Bestemor Maren sin song


Elisabeth Fauskanger tek dykk denne veka med sørover til småbruket heilt sør i Rogaland der ho vaks opp. Ein gard med små åkerlappar mellom haug og hammar, og med Nordsjøen som næraste nabo. 

 

Bestemor budde på loftet heime hos oss. Ho kom til garden då ho gifta seg med farfar i 1933. Så gjekk det nokre år, og i 1944 venta bestemor nummer seks. Men i januar dette året, fleire månader før guten kom til verda drukna farfar mens han dreiv teinefiske. I åra som kom var det mykje slit og tunge tak for bestemor. 

Me hadde møter i det gamle skulehuset, og bestemor var ofte den som leda møtene. Eg hugsar ho ville me skulle syngje ”O Jesus åpne du mitt øye, så jeg kan se hvor rik jeg er”. Eg sat som lita jente på dei harde trestolane, dingla med beina og tenkte at er det ein ting bestemor ikkje er, så er det rik.

Etterkvart som eg blei eldre har eg tenkt på bestemor og songen hennar. Og nå skjønar eg kvifor dette blei bestemor Maren sin song. Rikdomen ho song om er ikkje knytt til gods og gull, men som me syng vidare i den same songen: til vissheita om ein bror ved Guds side som visste korleis ho hadde det. Ho hadde ein talsmann i nauda og eit nåderike i vente som Jesus hadde vunne for ho.

Me har det på mange måtar så godt i dag. Kanskje treng me det enda meir enn bestemor - å få opne auga våre slik at me kan sjå kor rike me verkeleg er?

Elisabeth Fauskanger

Tilbake