Open kyrkje i Stord kyrkje 28.april


Diakoniutvalget i Stord og Nysæter ønskjer velkommen til Open kyrkje i Stord kyrkje mellom kl. 19.00 og 20.30 kommande onsdag. 

 

Det er lagt til rette for ei stund der ein kan finna kvilepuls og ro, be ei bøn eller tenne lys. Eller ein kan bare sitta i kyrkjebenken og lytta når kantor Ole Jørgen Furdal speler på orgelet. 

Du kan komme og gå som du sjølv ønskjer mellom kl. 19.00 og 20.30.
Helsing Diakoniutvalget i kyrkja v/ Olaug Gloppen

Tilbake