Stord gamle kyrkjegard


Stord gamle kyrkjegard er namnet på gravplassen rundt Stord kyrkje.

På begge sidene av både den gamle mellomalderkyrkja og den nye frå 1857 var det gravplass.
Men alt i 1860 var denne gravplassen for liten i forhold til folketalet.
Kyrkjegarden måtte utvidast vest for kyrkja. Heradstyret tykte utvidinga med mest ein dekar vart for dyr sidan plassen var så grunnlendt. Det vart difor ikkje noko av utvidinga før i 1870. Opparbeidinga likna heradstyret ut på gardane med pliktarbeid etter skylda. Husmenn og andre jordlause måtte svara tre dagsverk kvar.

Tilbake