Vestre gravplass ligg 100 meter vest for Stord kyrkje på andre sida av Hystadvegen med inngang frå Ådlandsvegen.
Heradstyret vedtok i 1904 å kjøpa vestre del av Frugardshagen til gravplass. To-tre år seinare var denne opparbeidd og innvigd. Ein solid og fint opplagt steingard går rundt gravplassen.